Heisann og velkommen til Kvinneterapeuten!

Mitt namn er Beate, og eg kan tilby deg eit unikt og utruleg inspirerande samarbeid. Med hjelp av eit breitt utval coaching-teknikkar kan vi saman finne svar på dei små og store utfordringane livet har å by på.

Er ikkje livet like glansfullt som før? Har du sett deg fast i gamle utfordringar?

Det livet som ein gong var ein dans på roser og eit eventyr som aldri skulle ta slutt er kanskje ikkje så enkelt lengre. Livet og energistraumen har innhenta deg. Kroppen kan kjennast tung og tankane er mange. Det er kvardagen som bankar på, og ofte freistar det mest å trekke dyna over hovudet.

Har du kjensla av at alt er blitt tyngre? Det er eit ork å ta fatt på dagen. Du kjem deg i gong, men du har ikkje krefter til å engasjere deg i alt det kvardagen inneber. Stega dine som før var så lette, kjennast no som dei står fast i ei hengemyr. Du har så lyst til å sprette opp og smile til verda, men kroppen lystrar ikkje.

Kanskje kjenner du at livet ditt vert styrt av andre enn deg sjølv. Du lev i ein kvardag full av press frå alle rundt deg.

Men du er heldig, det treng ikkje halde fram slik. Eg har løysingar til deg som du bruke til å gjenoppdage ditt vakre potensiale. Eit potensiale som ligg og ventar på å bli sett i sving igjen.

Eg leverer frå hjerte og brenn for at akkurat du skal finne att livsgleda, og at du skal bli sett og respektert for den du er. Eg kan hjelpe deg å finne ein ny kurs i livet slik at du igjen kan vakne opp om morgonen full av livsenergi. Du vil kjenne glede til å ta fatt på dagens gjeremål, og kroppen kjennast fri for spenningar og stivheiter.

Hos meg boblar energien og livsgnisten er tent. Du er hjerteleg velkomen til å gripe moglegheita og vere med meg på ei endring. Eg står klar til å samarbeide med deg, og ser fram til at du tek kontakt dersom du kjenner at dette er noko du kunne hatt nytte av.