Eg gleder meg over å kunne vise deg ei ny side av kva eg står for.

Kvinneterapi er noko som er eit nytt og spennande konsept der du som kvinne står i fokus.                    

Du skal få føle deg heime og du skal få lov å vere den du er. Og med mykje eller lite bagasje, det du har med deg; det du strever med er ditt og ingen andre kan forstå kva du står i. Og eg står parat til å hjelpe deg videre på den reisa du er på. Og ja, for livet vårt er ei reise, det er ei reise vi må gå inn i. Og skal vi finne svar må vi gå i oss sjølv og kjenne på korleis vi har det.

Medan vi tar stega i livet, forandrer vi oss, vi blir forma etter dei vi er vokst opp i lag med og dei vi omgås. Om vi vil eller ei kjenner vi plutseleg at no har vi fått nok. Og kva er meininga med dette livet? Å streve, streve  – og heile vegen er det nokon som forventer noko av oss. Kjenner du deg igjen? Eg kan vise deg ein ny, god veg der du kan finne igjen gleda di på nytt.

Tørr du å ta steget inn og la den lille jenta i deg ta plass igjen?

La eit nytt kapittel i livet ditt ta plass, la den vakre jenta som du genuint er fra fyrst av setje seg i førarsetet. La alle greinene i deg ta form, la dei skyte knoppar og komme ut for fullt.

Eg gleder meg til å kunne dele gode ord og oppmuntrande inspirasjon, som får smilet ditt fram.

Takknemleg for at du er her, og gleder meg til å la meg hjelpe deg til å sjå for ein vakker blomst du er.

Klem Beate.

Hurra hurra! Velkommen inn til Kvinneterapeuten!
Facebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmail

5  989 thoughts on “Hurra hurra! Velkommen inn til Kvinneterapeuten!