Frykta,  vekse den med deg slik albueskjella gjer på steinen her.  Det går og ta dei vekk men det er litt jobb som ligger der. Kva verktøy du brukar gjer den store forskjellen.  Alt er mogleg.  Eg kan hjelpe deg om du står fast

Ja frykta er utfordrande.  Frykta held oss nede, den kan ete oss opp bit for bit. Den tærer og tærer.  Tilslutt ser vi ingen utvei. Alt er mørkt, ingen glede.  Ei glede som er det største er tatt vekk.  Identiteten for kven vi er,  er bunnlaus frykt.  Frykt for å leve, frykt for å ha det godt.  Frykt for i det heile og store  å tillate seg og leve.

Den einaste som kan endre på dette er du sjølv.  Ein må vere mottakeleg for å sjå at veien kan snu.   Ta ei anna vending. Om ein ikkje vender om, helde ein fast i det som tyngjer.  Livet blir surrande rundt, uuthaldeleg.  Det er som du held fast i to skikkeleg store tunge grå skyer. Moglegheiter kan vere der, men ein gir ikkje plass eller gir slepp til noko anna enn frykt.

Gje slepp, gje slepp, la gå, for når du gjev slepp. vil sola igjen skine ned på deg .

Vi damer har so lett for å setje livet vårt på vent.  Venter med å leve til vi har fått trena litt meir,  gått ned nokre kilo. Vi venter med å ta store viktige livsvalg.  Vi tenkjer at vi skal bytte jobb når dei økonomiske forpliktelsane blir mindre.  Få meir tid til kjærleiken når barna vert store,  reise og nyte alt når vi blir gamle.  Fantastiske draumar som kanskje forblir  uoppnåelege draumar.

Vi tek piffen av livsgleda ved å  måle og strekkje oss mot det som vi trur er det perfekte ideal eller vente på det perfekte augeblink. Det perfekte liggjer i det uperfekte,  og vi mennesker er her på jorda ei lita periode,  kanskje har vi berre nokre få sesonger i denne såpeoperaen som heiter  » LIVET »  Da er det so viktig at vi nyter tida vi har her.   Akkurat her.   Akkurat no.

Sola kjeme opp og skine so deilig,  solstrålane,  fuglekvitter,  fargane og den vårlege livsgleda kjem i full fart no når vi nærmar oss våren.  Eg ynskjer at du skal leve deg inn og finne sjølve livsenergien.  Det er lov å strutte når det går mot vår, på kvar vår måte.

Kjenn no etter om du har tatt eit steg utforbi deg sjølv.  Alt er godt, gje deg sjølv lov til og vere deg.  Fri, fri, gje slepp,  gje slepp. Du er dronninga i ditt liv,  du er ein blomster som skal ut i full blomst akkurat no.  Tillat  deg sjølv og kjenne  på gleda.

Frykt er utfordrande, har du ei løysing?
Facebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmail

4  673 thoughts on “Frykt er utfordrande, har du ei løysing?