Takk for at eg får lov å vere med å gjere deg bevisst på takknemlegheit. Takk for heimen, takk for fred, takk for harmoni, takk for ro, takk for lykke som er der og venter på oss.

I bloggen min i dag skal eg snakke om takknemlegheit, om det å vere takksam og oppmerksom på å vere takksam. Takkar du i grunnen nok.  Takkar du kvar dag?  Finn du noke å takke for som kjennast stort for deg?  Er du bevisst på å ha takk heilt fram på tungespissen eller i pannebrasken?   Takkar du for meir enn for maten?   Takkar du for dei fantastiske augene som set her å les dette, tenk det:  det er dine auge og dei kan setje i hop desse orda slik at du får ei meining ut av det.

Eg er so takknemleg fordi eg har starta reisa i meg sjølv. Den reisa skal eg reise tett innpå resten av mitt liv.  Eg har måtte  snu og vende på alt inni  meg,  gått runder og banka,  heile vegen har eg hatt fokus på veien min.  Kor vil eg gå,  eg har falt ned og kjent meg utillpass,  kjent meg lei og mislykka.  Alt har  berre vert kaos.  I dag er eg uendeleg takknemleg for alle veier eg har måtte gått for å ha lært livets skule.  Ei meining  har alt hatt, fordi eg har måtte lært dette for å ta steg videre i mitt liv.  Eg er so takknemleg for alt eg har lært om min kropp og kor små marginer det er som gjer at eg har kunnet gått videre. Mitt hjerte har alltid veileda meg positivt og gitt meg masse å takke for.  Eg har lært  å sjå takknemleg over alt eg står og går i,  til ein kvar tid. Eg har leita etter løysingar på mine utfordringer og gitt ein stor takk når løysinga var/er der.   Om ikkje alt har vert/er slik eg vil ha det,  so har eg  takka for at her er det ei læring til meg.  Eg veit at den som best kjenner min kropp  sitt  ve og vel er meg sjølv.  Eg kan alltids få råd og hjelp, men kun eg veit kva min kropp trenger til ein kvar tid.  Og eg takkar for min sunne, sterke og friske kropp,  sjølv om eg er nede so gjer det noke med meg og eg kjenner glede og takknemlegheit  strøymer.  Eg takker for alt eg har i livet mitt heilt ned på cellenivå.  Takker for alt som reiser inni meg og som held meg oppreist.  Mine celler som arbeider for meg og hjertet mitt som slår.  Dei mest sjølvsagde ting som å stå opp, smile, kle på meg, pusse tennene mine osv. takk, takk. Takker for min fantastiske familie som lærer meg noko nytt kvar dag. Takk for at eg får lov å vere meg.

Kor viktig er det for deg å takke,  Synst du det er ein sjølvfølgje at du kan sprette opp av senga,  eller kave deg ut av den?  Dersom du er sjuk og kroppen held deg nede, takkar du da kroppen din fordi den gjev deg beskjed at den ikkje har det so bra?  Er du bevisst på at det å vere takksam er ein måte å leve på der du får dobbelt tilbake. Takkar du,  kan du vere viss på at du har gjort eit inntrykk på nokon.

Blir du litt irritert over at eg snakkar om takknemlegheit som om du ikkje gjer det?  Da bør du  virkeleg vere  obs. for da trakkar eg på noko som du ikkje har kontroll på.  Av og til trur du at du er flink til å takke og du trur du bruker tid på dette lille ordet takk. Sannheita er at du pirkar berre borti det,  du gjøymer deg bak ei løgn om at du praktiserer takknemlegheit.  Du er ikkje bevisst alt det fantastiske du har i livet ditt.  Du blir sint no og tenkjer eg takkar jo og eg er takknemleg. Om eg spør deg kor mange ganger for dag takkar du, har du eit klart svar da?  Må du starte telje og tenkje på kva har eg takka for i dag?  Da seier det meg at du er ikkje heilt bevisst, du må sjå på dagen din, tenkje og kome fram til at eg har jo takka, eg seier jo takk der og der.  Gjer du det nok?  Er det nok å takke der og der?

Takk for at du tok deg tid til å lese dette i dag.  Husk å ta deg tid å takke.

Eg er so takknemleg for at du er der, om du skulle lure på noko ta kontakt.

 

 

Takknemleg nok?
Facebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmail

5  348 thoughts on “Takknemleg nok?