Gudinnekort-trekking har eg hatt onsdagane.  Der eg er på direktesending på  terapisida  mi på facebook.

Desse korta er dedisert til gudinnas sjel,  kraft,  skjønnheit som lever i alle kvinner, menn og barn.  La gudinna vakne opp og bringe den feminine balanserande energien til verda.  La vår feminine intuitive styrkje og omsorg få kome tydeleg fram.

Eg trekker eit felles kort for dei som er med og til dei som ser opptak.  Etterpå er det moglegheit for å få eit kort  der du får ei lita rettesnor for dagen, kvar du skal leggje fokuset ditt.  Det er ei glede og få vere med å setje ein piff på dagen din.

Eg tilbyr og gudinnekort der vi går djupare inn i kva korta står for.  Da vil eg du skal tenkje på eit spørsmål og la oss ta utgangspunkt i det.  Ein slik session tar ein 30-45 minutter over nett eller fysisk.

Husk vi er alle mennesker:   Å  be andre, inkludert meg, om å hjelpe deg, er styrke  i staden for å prøve å gjere alt sjølv.

Ta gjerne kontakt.  Vi kan finne svar som kan gje deg ei  åpning på veien din.

Kjærleik til deg.

Klem Beate