Kvinneterapi er noko du skal kjenne at kroppen din treng. Du som leitar etter fantastiske opplevingar inni og utanfor deg, men alt virkar meiningslaust. Eigenkjærleiken til deg sjølv der du set deg sjølv som nummer ein, kvar har den blitt av?

Vær den du er. 

Har du nokon gong kjent på kjensla av å kunne få lov å vere heilt aleine,                                                                                                berre du og pusten din.  I det same du har funne rytmen blir du avbrutt av at nokon treng deg.  Ja, alltid er det at nokon som treng deg.

Du har så lyst å gje ein god dag i alle plikter og gjeremål,  trekke deg langt vekk og berre kjenne på ditt eige. Du blir  haldt tilbake fordi du er grei og klarer ikkje setje ned foten. Uansett er det ein eller annan som får samvittigheita di til å gå rundt og du er fanga.

Frykt for at du ikkje fortjener kjem og inn. Frykt som gjer deg frykteleg engsteleg, tenk om, viss om atte. Du blir strekt i ein strikk der det er meiningslaust og du gjer opp.

Ja, livet har å by på og korleis taklar du alt som treff deg. Er du god på å skru av og finne ein annan kanal å lytte til?

Kvinneterapi  går på at alt og alle, inkludert oss sjølve blir i sanning helbreda akkurat no. Vi fokuserer på denne sanninga istadenfor illusjoner og frykt. Eg vil at du skal ha fokuset på at du fortjener. Du skal leike og kjenne på fryd og glede i livet ditt. Du er fri og kraftfull.  Når vi legg inn moro kan det faktisk vere med på å hjelpe deg å oppnå dine mål. Det å leike er ein vidunderleg investering. Det er ein naturleg måte å slappe av på, du fyller deg sjølv med nye idear og god energi. Når vi snur vår situasjon til positivitet vil vi skape nye uante moglegheiter.