Hei, mitt namn er Beate!

Eg elskar livet mitt,  eg elskar den indre roa som er inni meg.  Eg er takknemleg for at eg, er akkurat meg.  Eg er takknemleg for alle som eg har rundt meg.  Eg er takknemleg for at eg kan vere med å gjere ein forskjell i andres liv. Takk takk <3

Eg er gift med ein fantastisk god sjelevenn, og saman har vi fire flotte ungdomar i alderen fra 14 1/2 til 22 år.  Mi store oppgåve som oppdragar har vore og er å fortelje mine kjære barn at dei er fantastiske akkurat slik dei er.  Eg er utdanna Hjelpepleier i vernepleie.  Eg er glad i å jobbe med menneske, lytte og å vere tilstades.

Den indre roa som eg no kjenner, er befriande og heilt unik.  Eg ynskjer at alle mennesker skal få lov til å leite fram og kjenne på friheita, blomstre og stråle sitt unike potensiale.

Sjølvkjensla mi har vore langt nede.  Alle andre får til det dei vil, og kjem seg framover. Eg har ikkje kjent meg god nok til å fortjene eit godt liv.  Mønster som eg har tatt med meg frå eg var unge.  Tillærde mønster som har sett djupe spor i meg.  Sanningar som har blitt meg fortalt, og som eg har teke som mine sanningar.  Du er ikkje god nok.  Du høyrer ikkje til her. Det er ikkje plass til deg.  Det er opptatt, gå ein annan stad du er ikkje velkomen her.  Klart det gjer noko med ein.  I alle dager har eg lurt på kvifor det vert slik.

Eg har alltid hatt eit brennande ynskje om at vi alle skal kunne einast.  Ha eit felleskap, løfte kvarandre der vi er, passe på kvarandre.  Fortelje kvarandre at vi alle har noko å kome med.   Noko som er unikt og stort.  At livet er fyllt med alt godt, og at alle skal få delta.  Goder er det nok av til alle.

Eg har gått på Hjerteakademiet i Trondheim med Rachel Wilmann og livet mitt har verkeleg fått ein ny dimensjon.

Eg har verkeleg fått arbeide med meg sjølv og mi sjølvkjensle.  Det har vore opp- og nedturar.  Alle delar av meg har blitt reve hit og dit.  Eg har vorte trekt ned i mørket, og i same augenblink opp i lyset att.  Smil, latter, tårer, sorg, glede, lykke.  Det er eit fullspekka register av kjensler som har vorte slengt rundt inni meg.  Alt er perfekt og godt nok, eg er i ein prosess der eg skal leite fram det beste i meg sjølv.

Dei gode og dei mindre gode sidene av meg.  Snu alt, slik at alt det vakre og alt vakkert eg er kjem fram i den nydelege sommarfuglen eg er.

Eg spørr meg sjølv.  Kvifor er du blitt som du er Beate?  Kvifor har du latt deg blitt fortalt at du ikkje er god nok som du er?  Kvifor har du latt nokon ta i fra deg magien som vi alle eig?

Eg har lært at eg har vert den største kritikeren til meg sjølv.  Det kjennast so fantastisk deilig å ha kontroll og styring i eige liv, endeleg.

No seier eg til meg sjølv:  Beate, du er fantastisk akkurat slik du er.  Beate du er alt, heile deg er ein sommarfugl som spreier sine vingar ut og viser kor vakker og vakkert alt heng i hop.  Eg veit at mitt hjarte alltid snakkar kjærligt til meg, eg må lytte innover og kjenne at mi livsoppgåve er forankra godt inni meg sjølv.

Eg veit at eg vil gjere ein skildnad i verda.  Eg vil lage livet verdt å leve i kjærleik, tillit og tålmodigheit.

Denne sangen ligger mitt hjerte nært og kjært.

Vil dele den med deg, lytt og høyr og ta imot.